Spørjeliste nr 56, Tøystamper, kom ut i 1956. Dette er spørsmåla vi sendte ut.

Under kan du finne svara vi har fått inn på undersøkinga vår om tøystamper. Svara er organisert etter fylke.

NEG 56 Tøystamper Aust-Agder
NEG 56 Tøystamper Buskerud
NEG 56 Tøystamper Finnmark
NEG 56 Tøystamper Hedmark
NEG 56 Tøystamper Hordaland
NEG 56 Tøystamper Møre og Romsdal
NEG 56 Tøystamper Nord-Trøndelag
NEG 56 Tøystamper Oppland
NEG 56 Tøystamper Rogaland
NEG 56 Tøystamper Sogn og Fjordane
NEG 56 Tøystamper Sør-Trøndelag
NEG 56 Tøystamper Telemark
NEG 56 Tøystamper Troms
NEG 56 Tøystamper Vest-Agder
NEG 56 Tøystamper Vestfold
NEG 56 Tøystamper Østfold

Stampe frå Stordal, Møre og Romsdal som no står på Norsk Folkemuseum. Foto: Norsk Folkemuseum, 1956.

Vi arbeider med å gjere svara vi får på undersøkingane våre tilgjengelege. Svara på dei nyare undersøkingane kan vi ikkje legge ut på grunn av etiske omsyn og reglar. For å få tak i dei, må du inngå ei avtale om etisk bruk med oss. For mange av dei eldre undersøkingane gjer tida som har gått, og emna det er spurt om, at svara kan leggast ut. Vi tar gjerne i mot innspel på dette. Her kan du kontakte oss.

Skal du bruke det som du finn i svara til noko, vis til kvar du har funne det. Det gjer du ved å skrive Norsk etnologisk gransking, nummeret og namn på undersøkinga, og det femsifra nummeret som er trykt på kvart svar. Det er unikt for det enkelte svaret, og gjer at det går an å finne tilbake til kvar du har funne informasjonen. Send oss gjerne eit eksemplar, ein link, eller liknande, til NEG sitt bibliotek.

Her kan du lese meir om å forske med NEG.

 


Hilmar Stigum til venstre intervjuar Alfred Iversen i 1960. Foto: Odd Nordland / Norsk Folkemuseum.

Undersøkinga om tøystamper vart laga av Hilmar Stigum, konservator ved Norsk Folkemuseum mellom 1928 og 1967.

Ei tøystampe frå Stordal kommune i Møre og Romsdal, er bygd opp att på Norsk Folkemuseum. Du kan lese om denne stampa her.